I Hareid og Ulstein var det sundagskvelden 175 komande førsteklassingar som sovna med sommarfuglar i magen. Då dei stod opp måndagen var det alvor. Frå då av var dei skuleelevar. Dei troppa opp på skulane sine med ranslar, pennalhus og matboksar og vart tekne høgtidleg imot av lærar og rektor.

Lett regn gjorde at elevar, foreldre og skuletilsette samla seg venta inne i gangane på Haddal skule. Etter ein lang sommarferie med mykje sol såg det ut til at elevane sette pris på å kome seg på skule igjen. Gjensynsgleda mellom dei som alt hadde gått nokre år på skulen var stor.

– Endeleg, jubla ei jente då klokka klang.

Rektor Kjell Runde samla elevane, lærarane og assistentane ved skulen inne i gymsalen. Der ønskte han velkomen til nytt skuleår.

– Les med borna

Dei ulike klassetrinna gjekk etter kvart til klasseromma sine, medan førsteklassingane fekk vere igjen for ein ekstra prat.

Dei ferske førsteklassingane hadde med seg foreldra sine denne første dagen. Runde oppmoda foreldra om å lese for og med borna. Språkopplæringa er grunnleggjande for all anna læring. Difor har faget norsk fått så stor plass på timeplanen det første året. Rektoren viste til forsking som seier at foreldra si rolle er veldig viktig for læringa til born.

Elevtal i Ulstein

I Ulstein kommune er det til saman 97 førsteklassingar.

Ved Ulstein skule byrja det 14 førsteklassingar. Der er dei 109 elevar dette skuleåret.

Ved Ulsteinvik barneskule byrja det heile 52 førsteklassingar. Der er det 441 elevar dette skuleåret.

Ved Hasund skule byrja det 23 førsteklassingar. Der er det 196 elevar til saman.

Stigande elevtal i Brandal

Brandal friskule har i år seks førsteklassingar. Der er 18 elevar til saman, tre fleire enn dei to førre åra.

Elevtal i Hareid

Ved Hareid barneskule byrja det 32 førsteklassingar. Der er 232 elevar ved skulen.

På Bigset skule byrja det 25 førsteklassingar. Skulen har 99 elevar dette skuleåret.

Ved Hjørungavåg skule byrja det 15 førsteklassingar. På skulen går det då 77 elevar dette skuleåret.