Steinar Teigene starta bedrifta Hareid Elektriske AS i 1950. I dag har bedrifta blitt eit konsern, med profilnamnet og merkevara Hareid Group. Per no har konsernet, med operasjonelt ansvar for 14 ulike selskap, over 450 tilsette i fleire land.

Spesielt dei siste åra har verksemda opplevd gode vekstår, noko som blir tydeleg når ein ser på omsetningsveksten. I 2012 omsette konsernet for 482,2 millionar kroner, i 2013 for nesten 700 millionar, og i 2014 forventar ein ei omsetning på over 800 millionar kroner, nær ei dobling på to år.

– Vi har vakse jamt og trutt, men det er klart, vi har opplevd eit lite hopp dei siste åra, seier konsernsjef Ronald Dyrhol.

Høg aktivitet

Dyrhol fortel at noko av grunnen til hoppet var oppkjøpet av HM Elektro i Langevåg i 2013. Hovudgrunnen er likevel vekst innanfor marinedivisjonen, og innanfor bygg og industriinstallasjonar.

– Vi er ei rein elektrobedrift og er totalleverandør innanfor elektromarknaden. Satsinga på installasjonar på skip og innanfor bygg og industri har lukkast veldig bra for oss, og den veksten vi opplever no er veldig flott å få vere med på, fortel Dyrhol.

Hareid Group har lenge hatt Kleven som sin største kunde, og konsernsjefen legg ikkje skjul på at når det går bra for verftskonsernet så går det også bra for Hareid Group.

– Kleven har hatt høg aktivitet ved verfta sine, og har det framleis. Det gjer sjølvsagt at også vi har høgare aktivitet, at og ordrereserven vår er god.

Ronald Dyrhol fortel at ein også innanfor bygg, industri og infrastruktur har godt med jobb framover.

– Vi har også innanfor desse områda ei betydeleg ordrebok, og vi har sikra arbeid det neste året.

14 selskap i fem ulike land

Hareid Group har i dag hovudkontor på Hareid, men konsernet har også kontor og produksjonslokale i Danmark, Polen og på Grønland. Hareid Group er også i Brasil, gjennom Kleven Maritime Technology.

– Hareid Group ligg ideelt til, vi er midt i den maritime klynga på Sunnmøre, samstundes som vi har plassert oss strategisk til i andre land, seier Dyrhol, og legg til.

– Vi har tatt mål av oss å vere ein regional aktør her i Noreg innanfor dei fleste av satsingsområda våre. Vi etablerte oss i Polen i 2007, og har etablert oss i andre land også for å betre konkurranseemna vår og utviklingsmoglegheitene våre vidare i utlandet. Samla sett meiner eg vi har lukkast med dei måla vi har sett oss.

Frisk start for nysatsinga

Den siste greina som har sprunge ut frå stammen er Traffic Solutions, som blei starta i 2010. Dotterselskapet har installasjonar på alt innanfor infrastruktur. Eit av dei store arbeida som har blitt utført er på T-forbindelsen i Haugesund-regionen, to undersjøiske tunnelar under Karmsundet og Førresfjorden.

– Det var eit stort prosjekt for Traffic Solutions, med komplett elektropakke, bommar, tavler, lys og kameraovervaking. No jobbar vi med å ferdigstille oppgradering av det elektriske anlegget i Breimsfjelltunnelane i Breim, seier Dyrhol, som fortel at satsinga på infrastruktur er noko Hareid Group vil vidareutvikle dei neste åra.