Bent Høie meiner folk må slutte å mase på legen sin om å få antibiotika. Det seier helseministeren til Dagens Næringsliv. Han fekk i går overlevert ein rapport frå overlege Marte Steinbakk i Folkehelseinstituttet, der eit utval peikar på kunnskapshol om antibiotikaresistens, kva utfordringar resistens kan gi framover og kva tiltak som kan bli iverksett. Eit av tiltaka som blir føreslått et betre registrering av antibiotika som blir gitt på resept til pasientar i Noreg.

- På helse er noko av det mest konkrete å få ei registreringsordning på antibiotikabruken på kvit resept. Det vil både heve kunnskapen om bruken, men også gjere kontrollmekanismen enklare, seier Høie til Dagens Næringsliv.

Ser til Nederland

Han seier også at informasjon til folket om farane ved overbruk av antibiotika må bli betre, og viser til Nederland som eit eksempel. I Nederland har bruken av antibiotika gått kraftig ned ved slike grep.

Antibiotikaresistens er ein eigenskap hos mikrobar som er motstandsdyktige mot verknaden av antibiotika. Opp mot 25.000 personar dør av dette i Europa kvart år, medan det i USA åleine er 23.000 menneske som døyr av antibiotikaresistens.