Dersom ikkje dei eksisterande medeigarane i Sunnmørsbadet AS i Fosnavåg blir med på å sikre naudsynt utviding av eigenkapitalen, kan ein bli nøydde til å ta inn nye medeigarar. Det skriv Vestlandsnytt. Sunnmmørsbadet Fosnavåg AS er nøydde til å hente inn sju millionar kroner, der Herøy kommune blir bedne om å teikne seg for nesten 4 millionar kroner.

Det er ordførar i Herøy kommune og styreleiar i Sunnmørsbadet, Arnulf Goksøyr, som i ein søknad til Herøy kommune seier at behovet for utviding av aksjekapitalen har kome som følgje av endringar på den eksisterande bygningsmassen. I søknaden går det også fram at kostnaden på prosjektet ligg på om lag 180 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift.

Søkjer utvida lånegaranti

Sunnmørsbadet Fosnavåg AS søkjer også Herøy kommune om utvida lånegaranti, frå 35 til 45 millionar kroner, i følgje Vestlandsnytt. Styreleiar Arnulf Goksøyr viser til universell utforming, energiøkonomi, samla driftsøkonomi, estetikk og god infrastruktur som grunnar for dette.