KS melder tysdag at dei er innstilte på å arbeide vidare for å få ei løysing i lærarstreiken. I ei pressemelding seier KS at dei vil ta initiativ til nye møte med lærarorganisasjonane.

- KS har i forhandlingar og mekling arbeidd for raskt å finne ei løysing på konflikta. KS understrekar at det er partane sitt felles ansvar å forhandle fram ein avtale, og vi har som klar ambisjon å bidra til dette. KS vil ta eit nytt initiativ til forhandlinger med lærarorganisasjonane. Vi vil foreslå nye fleksible løysngar som tek i vare intensjonen om ein betre skule, gjennom meir samarbeid ved mellom anna nærvær og mogelegheit for leiing, heiter det i pressemeldinga.

Vidare seier KS at dei har forståing for den frustrasjonen som over år har bygget seg opp blant lærarane, og som blant anna har samanheng med ulike skolereformer.

- Desse reformene har ført til økte krav til rapportering og administrativt meirarbeid. Dette vil KS gjere noko med. KS understrekar at vi har stor respekt for den jobben lærarane gjer og vil aktivt samarbeide for å betre tilliten mellom lærarar og arbeidsgivar.

Streiken har så langt vart i om lag 50 dagar. Frå torsdag denne veka vil meir enn 7700 lærarar vere i streik. Enn så lenge har ingen skular på Sunnmøre blitt tekne ut i streik, men det har fleire skular i Romsdal.