Politiet kan snart setja punktum for etterforskinga av parteringsdrapet på Bigset i Hareid.

Den 23 år gamle mannen som er sikta for å ha drepe og partert Sami Milhem (20), har vedgått dei faktiske tilhøva rundt drapet og samtykkjer i varetektsfengsling. 20-åringen blei funnen død i ei leilegheit på Bigset i kommunen fredag 8. august.

– Vi er i ferd med å avslutta vitneavhøyra. Vi avhøyrer framleis den sikta og rekna med at vi tek til å nærma oss slutten i etterforskinga om ei veke eller to, seier politiinspektør Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt til NTB torsdag.

23-åringen sit fengsla i Bergen og psykiatrane Per Børre Huseby og John Olav Roaldseter er oppnemnde som rettspsykiatrar og skal vurdera om den sikta er strafferettsleg tilrekneleg.

– Vi tek til å nærma oss ei oversikt over kva som skjedde, men så lenge han ikkje er ferdig avhøyrd, manglar vi ein viktig brikke i puslespelet. Det er uproblematisk å avhøyra han. Vi gjer det heile tida, seier Bøen.

Måndag 11. august blei mannen varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod i tillegg til medieforbod i Sunnmøre tingrett i Ålesund.