Det meste v bygningsmassen på Torvholmen i Herøy gjekk tysdag tapt i brann. Men eigar Kjartan Spidsberg har pågangsmot :

- Torvholmen skal byggjast opp att, sier han til Vestlandsnytt.

Kjartan Spidsberg frå Venabygd har eigd Torvholmen dei siste 12 åra, og har lagt ned store ressursar på å setje i stand og restaurere den historiske bygningsmassen for reiselivsverksemd.

Vestlandsnytt skriv at det i dt siste har vore folk i arbeid i det såkalla "Grisehuset", og at det var arbeidsfolka som oppdaga bannen i naustet like før dei skulle reise frå holmen.

Brannmannskapa måtte rykke ut i småbåtar, og det tok tid før redningsskøyta var på plass.

- Det som er gått tapt kan ikkje erstattast, men Torvholmen skal byggjat opp att. Det bestemte eg meg for allereie medan det brann. Vi kan i alle fall gjenskape fasaden, meir eller mindre slik den var, seier Spidsberg til Vestlandsnytt.