Bunnpris Ulsteinvik flyttar i midten av oktober.

Butikken, som i dag har tilhald  ved sida av Sparebanken Møre i sentrum, skal innta dei tidlegare lokala til Euro-Pris på Amfi Ulsteinvik. Bunnpris skal få nytt inngangsparti, og det skal derfor byggjast bru over elva. Dette blir gjort for at kundane til Bunnpris skal få lettare tilgang på parkeringsplassar ved Amfi.

Administrerande direktør Reidar Sandøy i Bunnpris Møre seier til Vikebladet Vestposten at dagens lokale i Ulsteinvik sentrum ikkje lenger er eigna for dei. Det er både for lite, og har for få parkeringsplassar i nærleiken.

- Vi klarer ikkje å skape ein daglegvarebutikk slik vi vil ha han, forklarer Sandøy.

Lokalet i Amfi Ulsteinvik vil bli om lag dobbelt så stort som dagens, og det skal skreddarsyast til Bunnpris.

- Vi kjem blant anna til å satse endå sterkare på frukt og grønt. Det gjeld å dyrke vidare på det ein alt er god på, og så bli flinkare til det vi ikkje er gode på.