Teknisk utval i Ulstein kommune vedtok samrøystes at SSR og utbyggjarar etablerer løysingar med nedgravne avfallsløysingar. Men i kvart tilfelle må kommunen vurdere og gjere avtale om det. I avtalane må ein ta med at anlegget må kunne fjernast om det fører til ulemper for omgjevnadene eller om området skal nyttast til noko anna.

Plasseringa må ikkje vere til hinder for vedlikehald av kommunale vegar, fortau og plassar.

Utvalet fekk med eit tillegg om at prinsippa for nedgravne avfallsløysingar skal gjelde alle selskap.