Nokre kommunar i Norge har allereie slått seg saman dei siste åra. Andre, som Hareid og Ulstein, har snakka om det utan at det har kome særleg lengre. Men frå og med denne hausten startar arbeidet med den nye kommunereforma for fullt. Eit breitt fleirtal på Stortinget har bestemt at det skal kome ei ny reform, og regjeringa ønskjer å flytte makt og ansvar over til større og meir robuste kommunar.

Valkampsak i 2015

Det betyr at kommunane skal gjere prosessvedtak no i haust. Så skal kvar kommune sjå på sin tilstand og sine behov fram mot våren 2016. Då skal kommunane gjere vedtak på kva dei ønskjer vidare.

– Det betyr at vedtaket blir gjort etter kommune- og fylkesvalet i 2015, slik at dette kan bli ei valkampsak. Det er viktig at ein i slike prosessar skundar seg sakte. Ein må tenke gjennom kva som gir best gevinst. Argument som nærleik og kvalitet på tenestene vil dukke opp i debatten, seier Anders Riise, ordførar i Hareid kommune og styreleiar i Sunnmøre regionråd – eit interkommunalt selskap som består av 17 kommunar frå Sunnmøre pluss Sandøy og Vestnes.

Arena Sunnmøre

Frå hausten 2014 til våren 2016 skal det altså gjerast mange interne undersøkingar i kommunane. Opp i dette får Sunnmøre regionråd ei slags rådgjevande rolle. Dei hjelper til med spørjeundersøkingar og mykje anna. Til dømes skal dei 25. september arrangere «Arena Sunnmøre» i Ålesund. Dit er både ordførarar, formannskap og rådmenn inviterte. Temaet for arrangementet er «Korleis møter vi kommunereforma?».

- Kommunesamanslåingar har blitt diskutert mykje i mange år. Men det er først no i haust jobben verkeleg startar. Vi må starte breitt. For vi må jo kjenne premissane for kva som skal skje vidare, forklarer Anders Riise.

Under «Arena Sunnmøre» skal det presenterast ei undersøking om kva folk på Sunnmøre meiner om kommunestrukturen.

– Når arbeidet skal bli gjort internt i Hareid blir det sjølvsagt også både folkemøte og fleire innbyggjarundersøking, fortel Anders Riise.