Sandvik har drive firmaet «Trefelling» i eitt år no. Han kunne ikkje ha fått verre arbeidsforhold då han tok til på jobben med å felle to blodbøkar med omkrins ved bakken på ca 2,90 m ved innkøyrselen til Bjerkvik-huset straks ovanfor Hjellane – i eit ruskvêr som strekte seg over både tre og fire dagar.

Det regna og bles så å seie heile tida medan Jan Inge svinga sagene oppe i liften – inntil 21 meter over bakken.

To gonger var det så ille at han måtte «løftast» ned på bakken.

Jan Inge fortel at det har vore heller lite med oppdrag i vinter, men utover våren og sommaren har det losna og teke seg alvorleg  opp. Han bur i Ulsteinvik og har Ulstein kommune som god kunde. Blant anna har han felt mykje skog i samband med Høddvoll-utbygginga. Han har også hatt oppdrag for Tussa – og tek også på  seg oppdrag frå private og andre.

Framgangsmåten når han feller så store tre som dei to Bjerkvik-bøkane, er å setje seg i liften og kviste greinene på veg opp. Så sagar han av greinene frå toppen i høvelege dimensjonar og let dei falle ned mot bakken. Vil oppdragsgjevaren i tillegg ha fjerna den attståande stubben, set Jan Inge dei i kontakt med slike som har utstyr til det.

Det store spørsmålet i dette tilfellet var sjølvsagt: Kor mange årringar har bøkane? Noko  Bjerkvik-familien kunne røpe alt før det kom så langt: Bøkane vart nemleg planta då huset vart bygt. Dei fungerte då som ein del av hekken kring huset.

I bygdebøkene står det at dette murhuset, som skal ha vore det første murhuset i Har-eid, vart bygt i 1914 av ekteparet Sigvald Larsson Hareide (Larsen) og Anna Sandø. Folk var i stor tvil om det gjekk vel å bygge eit mursteinshus – og ein av naboane skal ha sagt: «Lat oss kome herifrå før det dette fram i veien!».

Erling Bjerkvik, barnebarn til Sigvald og Anna, bur no i huset. Han og grannane har utan tvil fått det lysare og tryggare kring seg. Men mange vil nok sakne dei vakre trea.