Det har vore ei roleg natt for politiet i Ulstein, men i morgontimane laurdag fekk politiet melding om ei arbeidsulukke i Ulsteinvik. I samband med arbeid på ei kran var det ein arbeidar som datt 1,5 meter og skada seg. Personen skal ikkje vere alvorleg skada, men blei teken hand om av helsepersonell. Det har likevel blitt oppretta sak etter hendinga, fortel operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt.