Rådmannen i Ørsta rår til eit nei for ein felles brannvernadministrasjon for Ørsta og Volda. Det blir for dyrt, skriv avisa Møre-Nytt.

Kommunestyra i Ørsta og volda har bede om at ei samanslåning av brannvernadministrasjonene i Ørsta og Volda vert vurdert.

Styringsgruppa for prosjektet har vore ordførarane i Volda og Ørsta, rådmennene og dei hovudtillitsvalde for dei to største fagorganissjonane i kommunane.

Dyrare for Ørsta

No er rapporten klar, og han fortel at det blir dyrare for Ørsta kommune å ha felles brannadministrasjon med Volda, enn å ha ein eigen.

Ein føresetnad for samanslåinga er at den felles brannadmnistrasjonen skal vere i Volda. Dette fordi felles Nav-kontor og felles landbrukskontor er lagt til Ørsta.

Rådmannen har merka seg at ein felles administrasjon vil føre til at to brannbefal frå Ørsta går inn i den felles brannvernadministrasjonen. Desse har per i dag også beredskap i utrykkingskorpset. Ergo må desse erstattast i beredskapen i Ørsta på dagtid.