I november skal Therese Falk springe «Bislett 24-timers.» Målet er å samle inn 60 000 kroner og springe 200 km

Therese Falk (39) kjem opphavleg frå Hareid, men bur i Oslo, der ho har jobba som lærar dei siste 14 åra.

Ho har delteke i ein del løp sidan ho sprang sitt første løp i 2008. Lokalavisa har skrive om den løpeglade kvinna fleire gonger. Ho har mellom anna delteke i Oslo Halvmaraton, NM vintermaraton, Halden ultraintervall, Stockholm ultra, Arctic ultra og Spitsbergen maraton.

Skal springe i eitt døgn

I november skal Falk vere med «Bislett 24-timers.» Målet er å springe så langt som råd på eitt døgn. Heile tida spring dei rundt og rundt inne på Bislett stadion.

– Personleg drøymer eg om å springe 200 km, men eit realistisk mål er minst 161 km (100 miles).

For å finne motivasjon undervegs, og kanskje for å få noko godt ut av «galskapen» har Falk tenkt å samle inn pengar til eit godt formål.

Vil gje jenter utdanning

Therese Falk har vore planfadder i fleire år. Ho veit at der kjem pengane fram til dei som treng hjelp, lite går til administrasjon og reklame.

Plan har eit jentefond, som skal gje jenter utdanning, og med det ein veg ut av fattigdom. Ved å samle inn 60 000 kroner får Plan nok pengar til eit nytt klasserom!

Om å meistre

Å springe kan vere både sosialt og einsamt. Ein har oppturar og nedturar, tøffe lange strekningar der kvar steg er ein siger og mil etter mil med prat og nye kjennskap. For Falk handlar springing om å meistre. Ikkje berre løpet i seg sjølv, men også dei utfordringane ein møter elles i livet. Å springe for noko «større enn seg sjølv» og mine eigne små utfordringar, verkar meiningsfullt.

Ber om sponsormidlar

Therese Falk har sendt ut brev til forskjellige bedrifter der ho ber dei vere med å sponse henne. Ho vil opprette eigen konto til føremålet.

Falk håpar at nokon vil tenkje at dette er eit flott initiativ, og at dette er noko dei vil knytte bedrifta si til. Det er berre å ta kontakt med henne om nokon til bidra.