Statens vegvesen har sendt ut ei melding om at fylkesveg 654 i Tjørvåg vert opna for trafikk onsdag ettermiddag.

Vegen har vore stengt sidan laurdag kveld/natt til sundag, då store vassmengder skylde vekk både masse og sjølve vegbana.

For at ikkje elva skal ta med seg vegen på nytt blir det denne gongen lagt ned eit ekstra rør på 1200mm i tillegg til eit tilsvarande det gamle på 2000 mm.

– Då får vi auka kapasiteten, forklarar Odd Einar Hjellen i Statens vegvesen. Det har vore arbeidd på spreng for å kunne opna vegen så snart som råd, og Hjellen hadde måndag tru på at ein skulle klare det i løpet av onsdagen, og no har stadfestinga kome.

Opnar før rushtrafikken

Tidlegare ville ikkje Statens vegvesen seie noko spesifikt om tidspunkt for opning av vegen, men i løpet av dagen onsdag har det kome fram at vegen vil verte opna rundt 15.00. Det vil seie at ein truleg rekk å opne før dei største trafikkmengdene set i veg onsdag ettermiddag. Vegvesenet seier også at det vil vere nedsett fartsgrense på staden, og at dei som nyttar vegen blir bedne om å vise ekstra merksemd, og om å ta det med ro.