- Eg er heilt overvelda over kor mange folk som brukar tid på å leite etter "Rocky" seier Gry Gjerde.

Ho er eigar av staffordshire bullterrieren "Rocky" som søndag forsvann i vassmassane i Kaldholelva under ein spasertur.

Gruppe på facebook

Sidan har folk leita og leita, g på facebook er gruppa "hjelp oss å finne Rocky" oppretta. I skrivande stund har ho 193 medlemer.

Onsdag ettermiddag var ein delegasjon på 15-20 personar  ute og leita. Dei gjekk manngard frå Kaldholbrua, ned langs elva og i myrane, og det vart brukt både undervasskamera og drone.

Men "Rocky" var ikkje å sjå.

Vadebukse, drone og undervasskamera

- Eg må få lov til å takke Vegard Røyset spesielt. Heilt uventa dukka han opp med vadebukse og gjekk Kaldholelva opp og ned for å leite under barane. Dessverre var ikkje "Rocky" å sjå, fortel Gry Gjerde.

"Rocky" er 2,5 år gammal, kjælen og svært glad i folk.

Finnarløn

Gry Gjerde fortel ho har bestemt seg for å gi 5000 kroner i finnarløn til den sin finn han.

- Vi tek framleis imot tips, hjelp og råd. Vi vil finne "Rocky", død eller levande, seier den triste hundeeigaren.