Rolls-Royce har inngått kontrakt med Detroit Chile SA for levering av offshorekranser til ni forsyningsskip som er under bygging ved det brasilianske verftet Detroit Brasil  Ltda. i Itajai.

Totalt 18 kraner

Leveringane omfattar totalt atten dekkskranser av typen "dual draglink crane" frå Rolls-Royce.

Krantypen med to stag er utvikla for sikrare og raskare handtering av last ved kai, på dekk når fartøyet er i sjøen, og under lasting og lossing på plattformene.

Kontrakt med Petrobas

Skipa, som er designa av Guido Perla, skal inn i ei åtteårig kontrakt med det statlege brasilianske oljeselskapet Petrobas. Dei skal opererast av Brazilian Starnav Servicos Maritimos, eit dotterselskap av Detroit Chile SA.

- Vi set stor pris på at Detroit Chile vel denne kranløysinga, seier salssjef Runar Hjelle i offshore dekksmaskineri Rolls-Royce.

- Ved å ha to kranser på kvart skip får dei ikkje berre høg effektivitet, dei får også ein kapasitet som gjer skipa uavhengige av kraner på kaiene og plattformene, forklarer han.

Først på "Far Solitaire"

Rolls-Royce dual draglink crane vart først installert på Far Solitaire i 2012. Deretter følgte ein PSV som er under bygging ved Keppel Singmarine Brazil. I tillegg skal dei installerast på fire PSV-ar som er under bygging ved Detroit Brasil.