Under ein båttur på Hjørungdalsvatnet sist søndag, kom Hallvard Falk over ei ruse som hadde eit lite triveleg innhald.

Ein oter har teke seg inn i rusa uten å kome seg ut att og drukna. I følgje Falk ser det ut til at dyret har lege i vatnet ei stund. Han oppmodar dei som har ruser ute om å sjekke desse oftare enn det tilfellet ser ut til å ha vore denne gongen.

– Eigarane av rusa kan finne både vegn og oter inne ved land på nordsida av vatnet, opplyser Hallvard Falk.