I samband med etablering av ny inntaksleidning for vassverket i Mosvatn august og september 2014, vert det mellombels vassforsyning frå Tussa sin inntaksleidning i vatnet, melder teknisk etat i Ulstein.

Ikkje fargefjerning

Parallelt med arbeidet i vatnet vert det gjort ei oppgradering i vassbehandlingsanlegget på Gamleeidet. Her vert membranar (filter) skifta  og kapasitet for reinseanlegget auka. I denne perioden har vi ikkje fargefjerning i reinseanlegget.

Det er gjort sikringstiltak i vatnet for å oppnå lik vasskvalitet med det ein har i dag, men det kan oppstå noko auka farge på drikkevatnet dersom det vert lange nedbørsperiodar.

Vasskvaliteten er sikra

Vasskvaliteten er sikra mot bakteriologist forureining med UV – anlegg (lys som drep bakteriar) og klordosering.

For å følgje godt med at vasskvaliteten er god, er det lagt opp til hyppige prøver av det reinsa vatnet i byggeperioden.