Transportøkonomisk institutt har utarbeidd ein rapport om anbodsopplegg for regionale flyruter i Sør-Noreg.

Utviklingsforumet ved Hovden Lufthamn har kome med ein uttale om rapporten. Forumet er samansett av representantar frå høgskule, næringsliv og kommunar på heile Søre Sunnmøre, med tillegg av Stryn og Hornindal.

Rapporten inneheld fleire faktafeil. Når grunnlagsmaterialet er så lite oppdatert er Utviklingsforumet skeptiske til konklusjonane som blir trekte.

Utviklingsforumet meiner at den gode veksten som har vore på Hovden flyplass har samanheng med det gode samspelet mellom næringslivet og operatør. Rutene har blitt tilpassa etterspørselen. No fryktar dei at ei konkurranseutsetjing fører til at det kjem inn aktørar utan den røynsla og økonomiske evna til respons frå på næringslivet sine behov som ein har i dag.

Det er viktig for distrikta og næringslivet her å ha gode flyrutesamband. Det fører til at kunnskap og kompetanse spreier seg raskt og bidreg til å oppretthalde busetjinga.