Leiar Ragnhild Lied seier ho dimensjonerer for «ein langvarig streik».

Fram til no har Utdanningsforbundet hatt om lag 7700 lærarar i streik. I dag vert ei opptrapping varsla for nær 1000 nye lærarar, med verknad frå tysdag 2. september. Såleis vil nærare 9000 lærarar i Utdanningsforbundet vere i streik frå neste tysdag.

– Dette er naudsynt for å auke presset på KS og kommunane slik at vi kan få eit godt resultat, og for å auke sjansen for å få stoppa streiken, seier Utdanningsforbundet sin leiar Ragnhild Lied.

Skånar dei yngste

I dei tre føregåande uttaka har dei yngste barna blitt skåna for streiken. Det vil også skje i denne runda.

– Det har ikkje vore lett, men vi har også klart det i dette streikeuttaket, seier Lied.

Fem nye kommunar

Utdanningsforbundet har 22 streikeområde. Nokre stader er det valt ikkje å ha noko opptrapping, medan det andre stader er valt å ta ut nye kommunar i streik.

Totalt vert det teke ut 31 nye skular i streik. Nye fem kommunar (Kongsvinger, Nøtterøy, Randaberg, Orkdal og Østre Toten) vert ramma.

Det nye streikeuttaket kjem etter at sonderingane med KS i helga ikkje førte fram. No førebur  Utdanningsforbundet seg på at streiken kan bli langvarig.

– Vi har dimensjonert uttaket for å kunne stå i ein langvarig streik.

– Men, sjølv om dette er eit betydeleg uttak, så er ikkje uttaket så stort at det skal gje grunnlag for spekulasjonar om tvungen lønsnemnd, understreker Lied.

Ho vonar likevel at motparten vil komme snarleg på bana, slik at elevar og lærarar snart kan komme attende til klasseromma.

Ein profesjonskamp

Lied understreker at dette er ein kamp lærarane også kjempar for elevane.

– Dette er ein profesjonskamp. Dette er lærarane sin kamp for å få vere lærarar. Ei fleksibel arbeidstid for lærarane handlar ikkje først og fremst om lærarane sine behov, men om behova til elevane. Streiken handlar om elevane sine behov for å få raske tilbakemeldingar på prøver og innleveringar – og om lærarane sin moglegheit til å kunne snu seg rundt og gje elevane undervisning som er ferskvare, tilpassa nivået deira der og då.

– Noreg står overfor ei rekrutteringskrise til læraryrket. Medan politikarane kappast om å vere mest skule- og lærarvennlege i ord, er det ingen som reelt tek tak i det alvorlege problemet. I denne situasjonen er det rein galskap å forsøke å pådytte lærarane ei arbeidstidsordning dei absolutt ikkje vil ha. Difor er vår streik også ein kamp for framtidas skuletilbod.