Trimgruppa, som i denne samanhengen er meir eller mindre identisk med Lindor Skeide, har merka og gjort det sentrumsnære turlandskapet  tilgjengeleg også for dei som ikkje er så lokalkjende.

Onsdag vart lokalavisa med Skeide på skogsvegen opp frå vasskjelda i Sjukeheimssvingane – og kursa direkte mot Lisjenotten. Lisjenotten er ein knaus rett ovanfor Strandkrysset i ca 175 meters høgde. Turen opp tek berre eit kvarter. Dei siste tiåra har råsa hit vorte overvaksen av skog – og bergknausen har dermed meir eller mindre falle bort som turmål.

No er vegen dit fint gåande – og på sjølve knausen har Skeide i tillegg sett opp to fine turbenkar. Den eine vender mot Ulsteinvik sentrum, den andre mot Hasund-området.

– Neste år vil Hødd innlemme Lisjenotten i i fjelltrimmen. Det skal gi 2 poeng å gå dit, fortel Skeide. – Vi droppar minitrimmen, som har svært lita oppslutning og legg ein del andre enkle turmål inn i hovudtrimmen – slike som Osberget.

Til Hasundhornet

Opp frå Sjukeheimssvingane er det også merka ein  trasé bak Skjoranakken, forbi ei gamal sauekvie og til baksida av Notten. Derifrå går stien framover flata til stigninga mot Høgebruna og Hasundhornet. Stien er merka med raude pinnar. Frå vindpølsa ved Høgebruna er stien merka med eit «Saunes»-skilt for turen ned att.

Gamal sti til Notten (og Lisjenotten)

Frå same skogsveg opp frå Sjukeheimssvingane er det rydda ein gamal sti til Notten. Denne har blå merking. Midt oppe i lia viser ei pil veg mot høgre til utsiktspunktet på Lisjenotten.  Frå Lisjenotten kan ein også gå vidare til Notten og vidare derifrå til Hasundhornet.

Opp frå Strandabøen

Men ikkje nok med det: Trimgruppa er også i ferd med å rydde stien som har utgangspunkt i skogsvegen frå fotoboksa på Strandabøen og opp til baksida av Notten og i kryss med stien til Høgebruna/Hasundhornet. Ein følgjer berre den nordlege skogsvegen til siste sving og går cirka 30 meter inn i skogen der ein finn stien som før starta på Strandabøen. Stien gjennom skogen her er god å gå på.

– Det er fortalt at gardbrukarane på Hasund før i tida gjekk med kyrne opp denne stien over Fjelle til sommarbeita på Hammarstøylen, fortel Skeide, som reknar med auka trafikk i dei sentrumsnære, nyrydda stiane.

Lindor Skeide har sett seg godt til rette på den eine kvilebenken, som er retta inn mot Ulsteinvik sentrum.