Det er berre nokre månader sidan meir enn 40 bilar vart grisa til av sprøytemåling ved Ahlsell og Servi Ulsteinvik i Saunesmarka. Små kvite flekkar med sprøytemålingsstøv dekte bilane den gongen, men det lot seg ikkje gjere å kome fram til kven som stod bak sprøytemålinga.

Tipsar politiet

– Vi tenkte først at det måtte vere ei bedrift i nærleiken her som dreiv med sprøytemåling. Men vi har undersøkt, og her er inga verksemd som driv med sprøytemåling i nabolaget, fortalde Roy Werkland som arbeider ved Ahslell den gongen.

Denne gongen fortel han og Ole-Kristian Haugen at dei har fått tips om tre bedrifter som kan ha halde på med sprøytemåling i det aktuelle tidsrommet denne veka.

Dei to fortel at dei som sist har meldt forholdet til politiet, og at mistankane deira blir overleverte til den som skal etterforske saka.

Hjå Servi på nabotomta er det endå fleire bilar som er grisa til. Også her vil mange av dei tilsette melde tilgrisinga.

Bør stå fram

Med kostnader opp mot 8000 kroner for å få reingjort bilane, kan det fort bli kostbart når så mange som 40 bilar er skjemde av sprøytemålinga.

Kåre Henning Garshol som arbeider ved Servi meiner bedrifter som held på med slikt arbeid må kunne ta ansvar.

– Dei bør vere så ærlege at dei står fram om det kan vere deira verk.

Dei tilsette ved Ahlsell og Servo viser til skipsverfta og korleis til dømes Kleven gjer opp for seg om bilar blir skjemde av deira sprøytemåling.

Eva Øvrelid Hasfjord var ei av dei mange Servi-tilsette som fekk heile sida av bilen sin dekt av små kvite flekkar.

– Det er så kjedeleg når ein ikkje kan ha med bilen på jobb utan at den blir grisa til på ein slik måte, seier ho oppgitt.

At bilane ved dei to bedriftene var blitt tilgrisa vart oppdaga tysdag, men også bilar som berre var parkerte på området måndag også har blitt tilgrisa, så kan det tenkast at det er då sprøytemålinga har funne stad.

Dei siste dagane har det blåst frå ei hovudsakleg nordleg retning.