Ein halv time før den nye Kitch`n-butikken skulle opne på Amfi Ulsteinvik, var det kø utanfor døra. Og dagleg leiar Silje Gjerde ved Kitch`n Ulsteinvik rapporter om at det framleis er stor pågang av kundar i butikken.

Ho meiner det er eit marknadsbehov for denne type butikk i Ulsteinvik. At butikken har vore sakna av publikum.

91 butikkar

Kitch`n er ei landsomfattande kjede med 91 butikkar i Norge. Målet er å auke til 104 butikkar i løpet av 2014.

Silje Gjerde peikar på at vareutvalet har eit stort spekter, og at dei legg vekt på mote.

- Vi har alt frå kaffimaskinar, knivar, jerntgryter, gode vinglas og kjende merkevarer, fortel ho.

Stort lokale

Lokalet ved Amfi Ulsteinvik er på 107 kvadratmeter, noko som blir rekna som ein stor Kitchen-butikk.

- Eg har vore heldig. Vi har fått plass til mykje varer på ein ryddig og fin måte.

Butikken har i alt 4 tilsette, inkludert dagleg leiar.

Det var Bjørn Reidar Mæland som starta kjeda under namnet Bjørns kjøkken- og design. I 2002 vart namnet endra til Kitch`n, og Mæland er framleis med.

Pågangen var stor i butikken torsdag.