Torsdag var det siste dagen for Sogn og Fjordane fylkeskommune på fellesstand på oljemessa, ONS 2014. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner at opplegget til fylkeskommunen har vore vellykka.

- Eg opplever at tiltaket med fellestand har blitt veldig godt motteke, ikkje minst for dei mindre bedriftene. Dei har fått dette til ein lågare kostnad. Samtidig kjem dei inn i ein større fellesskap der dei kan byggje nettverk og relasjonar og utveksle verdifull kunnskap og informasjon, seier Kjelsnes.

Fylkesordførar har brukt dei siste dagane på oljemessa i Stavanger. ONS 2014 opplevde i år rekordbesøk, og Åshild Kjelsnes ho brukt tida på å besøke bedriftene på Sogn og Fjordane fylkeskommune sin fellesstand, og på møte med bedrifter med interesser i fylket.

- Eg prata mykje med dei som representerte bedriftene i fylket. Dei fortalde meg at dei hadde hatt godt med besøk, og var veldig nøgde med oppslutninga. Eg lærte veldig mykje, ikkje minst om dei moglegheitene og framtidsutsiktene som næringa meiner ligg der, seier Kjelsnes, som opplever dagane i Stavanger som veldig effektive. Saman med andre fylkespolitikarar har ho hatt ei rekke møte med ulike bedriftene, ikkje minst oljeselskap med aktivitet i fylket og selskap som kanskje kan kome til å etablere seg i Sogn og Fjordane.

Fantastisk Osberget

Det er kommunikasjonsbyrået Fantastiske Osberget som har hatt ansvaret for oppbygginga av fellesstanden til Sogn og Fjordane.

Fylkesordføraren meiner standen har fungert godt, og vil kunne fungere endå betre neste gong med litt justeringar. Ikkje minst ytrar ho lovord om fellesarealet i andre etasje. Her kunne bedriftene gjennomføre samtalar i ein rolegare atmosfære i tillegg til matservering og ulike arrangement.