Fleire hundre menneske hadde møtt opp på Behuskaien i Stavanger for å vere med på dåpen til "Ocean Art" - kunstskipet som er bygd ved Myklebust Verft i Gursken.

Gudmor var Anne Stokkedal, gift med ein av styremedlemene i reiarlaget Atlantic Offshore, som har kontahert skipet.

Champagneflaska small på første forsøk, sola skein sola skein over både publikum og skip.

At dåpstidpunktet vart lagt til Oljemessa i Stavanger var inga tilfeldigheit.

Båten har verkeleg vekt oppsikt

PSV-aren, som er av typen VS485, har alt vore i arbeid i Nordsjøen eit par veker, der han går på langtidskontrakt med Statoil. Men dei siste dagane har skipet lege ved kai i Stavanger sentrum, der den polske street-art kunstnaren M-City har hatt i oppdrag å dekorere han med grafitti-teikningar.

Samen med 3-4 hjelparar har kunstverket i løpet av få dagar dekt om lag 200 kvadratmeter på båten.

- Det har blitt svært stilig, og det har verkeleg vekt oppsikt, fortel ein strålande nøgd konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

Reiarlaget Atlantic Offshore har basen sin på Sotra, men denne gongen valde dei altså å døype skipet sitt i Stavanger. I tillegg til at det er midt under oljemessa, trur Rasmussen også at det er eit poeng at Stavanger har markert seg som ein by med gatekunst. På husveggene i Stavanger er det mykje grafitti av høg klasse.

"Ocean Art" skal etter dåpen rett ut i Nordsjøen att på nye oppdrag.

Søsterskipet "Ocean Star" vart levert frå same verft i juli i år. Då var dåpen lagt til Tall Ships Races i Bergen.

Kva prisen på skipa er, vil Rasmussen ikkje ut med. Men ein snittpris på ein PSV-ar ligg ein stad mellom 350-400 millionar kroner.