Det får Kjartan Snipsøyr, busett på Ulset, til å reagere.

– Dette er anten vilje- eller evneløyse, seier Snipsøyr.

No har han sendt mail til Hareid kommune ved teknisk etat og krev handling.

– Eg har også ringt Folkeregisteret, sidan vi som bur her feilaktig har blitt registrerte med Ulsetleitet som adresse. Men dei seier at dei må få beskjed frå Hareid kommune. Og sjølv om det har gått fleire år har det ikkje skjedd noko, fortvilar Kjartan Snipsøyr.

Og legg til at det umogleg kan vere mykje arbeid og kome å skifte ut eit skilt, som att på til vart sett opp etter at vegen hadde fått namnet «Ulsetvegen».

Leiar i teknisk etat i Hareid kommune, Nils Nupen, seier til Vikebladet Vestposten at dei kjenner til problemet.

– Vi kjenner til saka og er einige i at dette kunne ha blitt gjort på eit tidlegare tidspunkt. Det som no skjer er at vi går gjennom alle manglane og feila på skilt i kommunen, og deretter legg fram ei sak der vi ber om løyve til pengar. For gratis er det jo ikkje, seier Nupen.