Midt på dagen laurdag kunne forbikøyrande og -passerande få sjå ein blåkledd mann sitje på ergometersykkel i rundkøyringa ved Sjøgata.
Då dei kom nærare innpå kunne dei sjå at det var Hødd-spelaren Henrik Grimstad.
Grimstad hadde tapt i kortspel, og straffa var å sykle i ein halvtime i rundkøyringa. På parkeringsplassen ved legesenteret stod det ein delegasjon frå Hødd og passa på at han gjorde som han skulle.
– Så dette er straffa om ein tapar i kortspel?
– Ja, denne gongen så, kommenterte dei humrande til Vikebladet Vestposten.