I ettermiddag, laurdag, vart luksus-yachten som i lengre tid har vokse fram på beddingen på Kleven Verft sjøsett.

Fartøyet med byggnr. 366 er noko ganske anna enn offshorefartøya som vanlegvis blir bygde ved verftet.

Det 107 meter lange spesialfartøyet er luksuriøst men samtidig svært robust og sjødyktig. Det er designa av Marin Teknikk i Herøy, og er særs godt eigna for lengre ekspedisjonar i tøffe farvatn.

Mange møtte fram

Det var møtt fram ein 200-300 menneske for å få med seg seansen. Verftet hadde rigga til eit partytelt med pølser, brus, kaffi og vaflar.

- Me visste at me kom til å få ein del besøk. Og når ein får besøk må ein jo servere dei kaffi, kommenterer Ellen Kvalsund for Kleven Verft som elles kommenterer dette som "ein vanleg dag på jobben", sjølv om ho er noko rørt etter sjøsettinga.

- Det gjekk utruleg fint. Det er ei mektig oppleving kvar gong.

Dei som møtte fram var stort sett tilsette med familie, reiarar og frå designselskapet Marin Teknikk.

Eigarane var der

Det har knytt seg stor spenning til kven som bestiller ein luksus-yacht til 300-400 millionar kroner. Så lenge oppdragsgjevar vil vere hemmeleg, vil heller ikkje verftet røpe kven som er reiar. Men laurdag var eigarane til stades på sjøsettinga.

Robyn og Graeme Hart frå Auckland, New Zealand, er erfarne yachteigarar med mange nybyggingsprosjekt bak seg.

- Dette er eit svært spennande prosjekt for oss, seier Graeme Hart. – Vi har vore rundt på verftet og ombord i fartøyet, og eg er svært godt fornøgd med Kleven Verft og det arbeidet som har blitt gjort her så langt.

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, trekk også fram det nære og gode samarbeidet som har prega prosjektet:

- Vi har utvikla og bygd mange fartøy i samarbeid med Marin Teknikk, og dette prosjektet stadfestar at utvikling og nytenking har gode kår når partane kjenner kvarandre så godt som vi gjer. Vi har også fått ein svært god relasjon til kunden etter å ha arbeidd saman om dette prosjektet i halvtanna år. Prosjektet viser at vi også kan levere innan denne heilt spesielle marknaden. Det er spennande tider, seier Ståle Rasmussen.

Fartøyet vil få namnet ‘Ulysses’ når det vert overlevert på våren 2015.

New Zealands rikaste mann

Video frå sjøsettinga kjem seinare.