I sommar sende Ulstein-ordførar Jan Berset brev til partikollega og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (Høgre).

Han bad Sanner sjå på innstramminga av startslånsordninga på ny. Dei nye reglane for Husbanken har skjerpa kravet om auke i eigenkapital for nye bustadprosjekt, og dette eigenkapitalkravet skal ikkje finansierast gjennom eksterne lån.

Berset viste til at Ulstein kommune er ein kommune i vekst som har stor nytte av å kunne gje arbeidsinnvandrarar hjelp til å kome inn på bustadmarknaden.

Sanner svarer at før dei skjerpa inn krava såg dei at ein del kommunar delte ut startlån til personar som kunne fått lån i banken.

Med den nye ordninga ønskjer regjeringa å gjere det tydelegare at startlån er for personar med langvarige bustadfinansieringsproblem.

Statsråden er samd i at ein må utøve lokale omsyn og meiner der er mogleg for kommunane å utøve skjønn i den kommunale sakshandsaminga.

Ber Sanner tenkje på ny