I går vart det offentleggjort kven det er som kjøper den 107 meter lange luksus-yachten frå Kleven Verft.

Det er Robyn og Greame Hart frå Auckland, New Zealand. I følgje Wikipedia er Graeme Hart (fødd i 1955) New Zealand sin rikaste mann.

Dette er ein mann som ikkje likar å vere i media og gjer få intervju.

Han gjer seg rik på å kjøpe opp firma som med han som eigar gjennomgår kostnadskutt og effektivisering.

Frå før eig Hart ein luksus-yacht på 58 meter. Den båten heiter også Ulysses, det same som Kleven Verft har oppgjeve at båten frå Kleven skal heite.

Sjøsette luksus-yachten

Skroget er bygt i Polen, sveisa saman med robotar ved Kleven Verft og får ein del norsk utstyr. Det blir utstyrt med lettbåtar på dekk, seglbåtar på kvar side og der blir symjebaseng og helikopterdekk. Foto: Kleven Maritime