Det melder NRK. Partane i konflikten har vore ueinige om kor mykje tid lærarane skal vere på skulen i tillegg til undervisingstimane.

Ifølgje NRK er løysinga som no har kome på plass eit kompromiss der den noverande avtalen blir ståande i ytterlegare eitt år.

Det er invitert inn til pressekonferanse om saka på Kommunenes hus i Oslo klokka 08.30.

9000 lærarar har vore i strek den siste tida, fleire sidan 11. juni.