Dei som hadde leita fram kvit t-skjorte for å ta del i markeringa til støtte for streikande lærarar på tysdag, kan legge denne tilbake i klesskapet.

Sidan det no har kome i stand eit kompromiss mellom dei stridande partane Utdanningsforbundet og KS, er streiken over og markeringa difor ikkje lenger naudsynt.

Det var planlagt markeringar ved Ulsteinvik barneskule og Hareid ungdomsskule. Dei lokale lærarorganisasjonane oppmoda før helga alle til å stille opp for å syne si støtte.