Etter planen skal Norled setje inn 28 år gamle «Ullensvang» i sambandet Hareid-Sulesund rett over nyttår. Protestane har vore massive både frå næringslivet, pendlarane og lokalpolitikarane.

No har stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp.) frå Hareid skrive brev til samferdselsminister Kjetil Solvik Olsen (Frp.) med oppmoding om at han må syte for at den gamle ferja ikkje blir sett inn.

Grimstad meiner sambandet også neste år må trafikkerast med dei to ferjene som går der i dag.

«Ullensvang» har to dekk og løftelem, og dermed tek det lenger tid å tømme ferja. Grimstad fryktar at det vil bli uråd å halde dei oppsette rutetidene med «Ullensvang» over Sulafjorden. No set han sin lit til at statsråden ordnar opp.