I månadsskiftet mai/juni var det 60 pasientar til saman på venteliste i Ulstein kommune for å sleppe til med fysioterapeut. Kommunen har driftstilskot til 5,5 fysioterapeutar. Ei halv stilling har kommunen omdisponert til oppretting av Frisklivssentralen. Samstundes er dei ein som driv i heil praksis, sjølv om han får halvt tilskot.

Onsdag får levekårsutvalet i Ulstein ei orientering om lege- og fysioterapeuttenestene.