Førre veke kom det fram at Grim & Gryt Økobryggeri ved Andreas Grimstad og Øyvind Grimstad Gryt ikkje ville få tilskot frå næringsfondet i kommunen. Dei hadde søkt om tilskot til innkjøp av ei heilautomatisk flaske- og korkemaskin, men næringsfondet i Hareid kommune kan ikkje tildele slike tilskot, sidan kommunen er i feil kategori, og ikkje får gje tilskot til maskiner og utstyr.

No har bryggerigünderane trekt tilbake søknaden og levert inn ein ny, der dei ber om tilskot til kompetanseheving, omdømmebygging, profilering og konsulenttenester.

Les også: Ølbryggeri i feil kommune

I konklusjonen frå rådmannen skriv han at handverksbryggeriet har som mål å skaffe seg kompetanse for å bli ei leiande verksemd innanfor økologisk ølbryggjing, og tek samstundes sikte på å levere produkta sine til dei største byane i landet og til Vinmonopolet. Det vil og på sikt gje auka sysselsetting. Rådmannen meiner difor at næringsfondet bør støtte bryggeriet.

Næring og miljøutvalet i Hareid kommune skal avgjere saka tysdag 2. september.

Les meir om Grim & Gryt Økobryggeri i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.