– Når privatpersonar registrerer handel som går føre seg heilt openlyst, og så ringer politiet, så forventar ein jo at tipset blir tatt på alvor. Politiet har ved fleire høve ikkje reagert på slike tips, og då misser politiet tilliten og den dialogen som dei skal ha med innbyggarane i kommunen.

Fredag la Oskar Grimstad, stortingsrepresentant for Framstegspartiet, ut ein status på si Facebook-side. Ein status som har blitt mykje kommentert på og delt vidare. Der gjekk han knallhardt ut mot Ulstein- og Hareid lensmannskontor, og den politiske leiinga i Hareid kommune, som han meiner forsøkte å legge lok på at det er eit narkotikaproblem på Hareid. Dette i samband med drapet fredag 8. august, og tida etter.

– Ja, det verka som om dei la lok på problema. Dersom ein ikkje adresserer eit problem når det lyser så synleg framføre ein, så kvitter ein seg aldri med det, eller får gjort noko.

– Skal vere ein fin plass å bu

Grimstad meiner politiet og den politiske leiinga snarast må byrje å gjere noko med narkotikaproblema.

– Eg er lokalpatriot og heilt klart oppteken av at Hareid skal vere ein fin plass for born å vekse opp. Det blir ikkje det stort lenger dersom ein ikkje fullt ut innser at narkotika er eit problem på Hareid, seier Grimstad.

– Eg meiner det er eit leiingsproblem i lensmannsetaten som har ansvar for Hareid. Når dei ikkje er villige til å sjå at det er eit problem, så er det eit betydeleg leiingsproblem.

– Legg ikkje lok på noko

– Det er ikkje tilfellet at vi legg lok på noko. Det er ikkje slik vi jobbar, og det har aldri vore slik. Eg meiner Grimstad, i den posisjonen han har som stortingsmann, heller bør fortelje oss konkret kva han meiner, i staden for å gå vegen om media. Eg vil gjerne invitere han til å ta fortelje oss kva han meiner, og vi skal sjølvsagt høyre på han, seier lensmann Odd Kulø i Ulstein og Hareid lensmannskontor.