Helga 14. til 16. november skulle etter planen RG-komiteen til IL Hødd turn arrangere landsfinale. Men grunna usikkerheit rundt kor vidt hallen vil vere ferdig til då, fekk gruppa beskjed om å flytte arrangementet. RG-stemnet vil i staden gå i Ålesund.

- Det er ikkje definitivt avgjort at hallen ikkje er ferdig til midt i november. Men grunna usikkerheita fekk IL Hødd turn beskjed om å flytte arrangementet sitt. Helga etter er det ikkje planlagt større arrangement i hallen. Så vi håper hallen er klar til helga 29. og 30. november, då det skal spelast ei rekkje handballkampar i hallen, fortel kultursjef i Ulstein kommune, Leif Ringstad, til Vikebladet Vestposten.

Han kan ikkje seie noko om grunnen til at hallopninga er utsett. Men kommunen veit meir etter eit møte dei skal ha med byggeleiinga seinare denne veka.

Datoen for den offisielle opninga av nye Ulsteinhallen er ikkje bestemt enno. Men det blir truleg i desember ein gong, sjølv om det då hallen eventuelt har vore i bruk nokre veker.