- I ei konflikt er det to partar. Då blir det feil å legge skulda på den eine, seier medlem av hovudstyret i KS, Gunn Berit Gjerde til Sunnmørsposten.

Ho vedgår at forhandlingane ikkje førte til ein avtale som gjekk så langt som ho ynskte.

- Vi har ikkje fått til heile det handlingsrommet som rektorane ynskte. Vi ynskja større fleksibilitet for skuleleiinga, seier Gjerde til same avis.

Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet, er ein av dei som gir KS skulda for den langvarige lærarstreiken.

- Vi som sat i forhandlingsrommet hadde ein ryddig tone med respekt for kvarandre. Det er styret i KS si steile haldning som har gjort at denne streiken blei så langvarig, seier Lied.

Gjerde tordnar tilbake:

- Det er heilt urimeleg å legge skulda på motparten. Lærarane hadde sine ynskjer, vi hadde våre ynskjer. Vi har tatt den største belastninga for å få slutt på streiken. Det har vi gjort av hensyn til eleven, seier Gjerde til Sunnmørsposten.

Streiken slutt

Lærarstreiken, som vart utløyst på grunn av kor mykje av lærarane si arbeidstid som skulle vere på skulen, varte i nesten 80 dagar, og fekk konsekvensar for rundt rekna 100.000 elevar. Måndag morgon var det slutt, då Utdanningsforbundet og KS kom fram til ei løysing.

Begge organisasjonane er einige om å halde på avtalen som gjeld i dag, og ein ny avtale vil ikkje vere ein realitet før om eitt år. Det at avtalen framleis vil gjelde, betyr at det ikkje skal innførast meir fastsett arbeidstid utan lokale forhandlingar.

No er det opp til lærarorganisasjonane, som skal avgjere om avtalen får stå ved lag i ei uravrøysting.