I føremiddag var Francois Elsafadi på Ulstein ungdomsskule og snakka med elevane.

– Eg er ikkje her for å lære dykk noko. Eg er ingen lærar. Men eg er er for å inspirere og få dykk til å tenkje sjølve, sa Elsafadi tidleg i føredraget sitt.

Han fortalde om oppveksten sin og kor viktig det er å ha vener. Har du folk rundt deg som du er glad i, og som er glad i deg, er du betre rusta til å møte motgang i livet. Det gjeld å ha eit godt fundament å stå på om du blir sparka, då står du støare.

– Ta godt vare på kvarandre. De er brikkar i kvarandre sitt fundament, var oppmodinga hans.

Fleire føredrag

Francois Elsafadi held heile fem føredrag dei to dagane han er i Ulsteinvik (tysdag og onsdag). Han har også eit eige føredrag of ungdomane ved mottaket/flyktningar om norsk barneoppseding og kva utfordringar dei vil møte i det norske samfunnet då foreldra ønskjer å oppdra borna i den kultur/tradisjon dei kjenner i heimlandet kontra forventningar frå jamnaldrande i Noreg.

Elsafadi vil også ta for seg foreldra til desse ungdomane som har innvandra til Noreg.

I ettermiddag vil han snakke med asylsøkjarar og flyktningar om hevn, ære og norsk lov.

Det er Søre Sunnmøre Mottak som har fått Elsafadi til å kome til Ulsteinvik desse dagane.