Både morgon og ettermiddag tysdag har Sanner vore i møte med politikarar, først ordførarane i Giske, Sula og Haram, før han seinare møtte kommunestyra i Ørsta og Volda. Begge desse møta handla om kommunereformen.

Den vart også nemnt då statsråden var innom Ulstein Group i Ulsteinvik, men i møte med Ulstein Group, Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), ordførar Jan Berset, Mafoss og Maritimt forum, var temaet Ulstein og Global Centre Expertise i eit samfunnsperspektiv - berekraftig region for bu og arbeid.

Etter eit innlegg frå administrerande direktør i ÅKP, Per Erik Dalen, tok Gunvor Ulstein over. Ho slo tidleg fast at det er positivt at mange ministrar i Solberg-regjeringa "trekk ut att til folket på holmar og skjer".

- Når de gjer dykk tilgjengelege heilt opp til statsministeren, så trur eg også at de fangar opp strømningane tidlegare, meinte Ulstein.

Må utvikle seg

Den maritime klynga har vore tema også for næringskomiteen som vitja Ulsteinvik tysdag, og Sanner fekk med seg førstehandskunnskap frå mellom anna Gunvor og Tore Ulstein.

- Vi har kanskje 30-40 år igjen med den same satsinga på olje og gass, og må utvikle oss vidare, vi må skjøne havet betre enn vi gjer i dag. Det er eit paradoks at vi veit meir om planeten Mars enn vi gjer om havet under 3000 meter.

I ei forlenging av dette snakka Gunvor Ulstein også om kor viktig det er at den maritime klynga på Sunnmøre held fram med å utvikle seg.

- For kvar del av klynga vi mistar, så blir heile klynga svakare, fortalde ho.

Ulstein sendte med Sanner tre punkt, som ho gjerne skulle sett at regjeringa vil gjere noko med. Næringslivet mellom anna på Sunnmøre og i den maritime klynga har ein stor potensiell marknad i Asia og Kina, men då må forholdet mellom Norge og Kina betrast. Ulstein tok også opp samferdsel og infrastruktur, i tillegg til formueskatten.

- Det er på ingen måte eit problem å betale skatt, vi vil vere med, vi vil byggje region, men vi må tut utbytte frå konsernet for å kunne betale formueskatt, og utbytteskatt av pengane ein tek ut for å betale skatt. Det blir aldri synd på oss, men det er synd at vi må utarme bedriftene for å betale skatt, slo Gunvor Ulstein fast.

Ordførar Jan Berset og kommunal- og moderneringsminister Jan Tore Sanner blir vist rundt i Ulstein Expo av Gunvor Ulstein.