Tilstades var representantar frå Hareid kommune, Hareid Næringsforum, Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Fylkeskommune samt Ålesund Kunnskapspark som skal drifte tilbodet frå sitt nyskapingskontor på Stålhaugen i Ulsteinvik.

Nærare innovasjonsmiljøa

hoppid.no er Møre og Romsdal Fylkeskommune si eiga satsing på entreprenørskap i samarbeid med partnarane Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og dei enkelte kommunane. Med Hareid på plass, er det no 33 kommunar som har tilbod om gründerhjelp gjennom hoppid.no.

Programleiar for hoppid.no, May-Britt Roald, er glad for at Hareid kommune no har etablert nytt kontor i samarbeid med ÅKP.

- Førstelinetenesta for Hareid kommune vert no knytt tettare inn mot innovasjonsmiljøa på Sunnmøre gjennom ÅKP og industriinkubatorkontoret deira i Ulsteinvik.  Vi trur at hoppid.no-kontoret vil vere ein viktig støttespelar for gründerane både i forhold til overleving og vekst, seier ho.

På hoppid.no-kontora får gründeren rettleiing, tilbod om kurs, råd om finansiering, hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging. Gründerar kan også søke om økonomisk stønad til avklaring av forretningsidear.

Støttar innovative gründerar

- Innovasjon Norge ynskjer å legge tilhøva til rette for innovative gründerar med vekstpotensiale, seier avdelingsleiar i Innovasjon Norge, Håvar Risnes.

- I 2013 bidrog Innovasjon Norge med om lag 20 millionar kroner til gründerar i Møre og Romsdal i form av tilskot, lån, rådgiving og kurs. Dette er vi stolte av og vona er at aktiviteten skal bli like stor i år, avslutta Risnes som ønska Hareid og ÅKP lukke til.

Også Synnøve Valle frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal slutta seg til gratulantane og ho orienterte og litt om dei ulike områda dei arbeider med, mellom anna «inn på tunet», og opplegg kring tradisjonsmat.

God etableringshjelp

Ordførar Anders Rise i Hareid kommune meinte at det nye hoppid.no – kontoret vert ei revitalisering av Hoppid-samarbeidet og i det ei betre teneste for nyetablerarar og gründerar. Han understreka også behovet for mangfald i næringslivet.

- Det er ei von at mangfaldet kan vekse også i Hareid. Med denne løysinga på plass er vi visse på at vi vil kunne gje potensielle etablerarar god og rett veiledning, sa ordføraren.

Rakel Dyrhaug frå Hareid Næringsforum var glad for at dette no er på plass, og såg fram til eit tettare samarbeid med ÅKP.

ÅKP driftar

Det er senior-rådgjevar Robert Voldnes ved ÅKP sitt kontor i Ulsteinvik som vert hoppid.no–kontakt for Hareid. Tidlegare i vår har både Ulstein kommune og Herøy kommune inngått avtalar med ÅKP om dette, og no altså også Hareid kommune. Voldnes er kontaktperson for alle tre kommunane. I dette ligg det at dei hoppid.no-tenestene som før var lokalisert til Landbrukskontoret i Myrvåg, no i si heilheit er overført til ÅKP.

- Fordelane med samlokasjon av ÅKP sine øvrige aktivitetar er fleire. Som kjent er Hoppid.no eit lågterskeltilbod som alle kan nytte seg av om dei vil etablere noko.  Men ÅKP er i tillegg eit viktig innovasjonsmiljø som tilbyr ulike type bistand til prosjekt med nasjonalt eller internasjonalt potensiale. I dette ligg det difor synergiar, seier Robert Voldnes, som opplyser om at det i haust skal gå to kurs for dei som har planar om å starte opp.

Administrerande direktør Per Erik Dalen i ÅKP minna om at ÅKP i mange år har bidrege aktivt til nyskaping og regional utvikling gjennom sine ulike program og aktivitetar. ÅKP driv fleire klyngeprogram, mellom anna LEGASEA (for biomarin klynge), samt det nasjonale maritime klyngeprogrammet Global Centre of Expertice (GCE Blue Maritime) og altså avdeling Nyskaping som driftar nyskapingskontoret for søre i Ulsteinvik.

- Det er difor svært gledeleg for ÅKP å få lov til å drifte førstelinetenesta til Hareid i tillegg til Ålesund, Sula, Skodje, Herøy og Ulstein, seier Dalen.