ulsteinhistorielag.no vil du finne både informasjon om laget, komande og tidlegare tilskipingar og lokalhistoriske artiklar og bilde. Dessutan har sida nettbutikk, der du kan bestille publikasjonar som historielaget har vore med på, til dømes Levd liv og Kvinner som bygde ein by. Vi opplever ei aukande interesse for lokalhistorie og historiske bilde på nett. Dette vil vi vere med på. Med ein slik kanal ut til publikum vil vi gjere folk meir kjende med arbeidet vårt og historia til dette lokalsamfunnet. Vi både håper og trur at dette skal auke interessa for og aktiviteten i historielaget. Vi er sjølvsagt også interesserte i å kome i kontakt med personar som kan bidra med historiske artiklar og bilde frå lokalmiljøet, stoff som vi i neste omgang kan presentere i årsskriftet vårt Levd liv, seier leiar i Ulstein Historielag, Aksel Hauge.

Gjer historia meir tilgjengeleg– Det er mange utflytta som er interesserte i historia til Ulstein. Nettsida vil gjere fortida meir tilgjengeleg for alle. Dette blir ein flott lokalhistorisk ressurs, resonnerer designar Tone Sjåstad i Fantastiske Osberget AS. Ho legg til:– Vi har hjelpt historielaget med å ta steget inn i den digitale verda og håper at det skal gjere laget meir synleg og attraktivt, også for yngre generasjonar. Sida er enkel å bruke, både navigere og lese. Vi har brukt publikasjonsløysinga Osberget GO som er utvikla til denne type formål i til dømes mindre lag og organisasjonar. No kan publikum gle seg til mykje god informasjon og mykje godt lokalhistorisk stoff i tida framover.

10-årsjubileumStyret i Ulstein historielag har drøfta saka ei tid. Etter kvart vart det bestemt å lansere nettsida i høve 10-årsjubileet for årsskriftet Levd liv, som laget gir ut i bokform kvar haust. Jubileumsutgåva blir send til trykkeriet i desse dagar og er i sal frå starten av november.

Aksel Hauge håper den nye nettsida kan føre til at yngre menneske får interesse for den lokale historia. Laget vil gjerne rekruttere nye medlemmer: – Vi operere med ein svært rimeleg kontingent (100 kroner) som også gir rabatt på årsskriftet. På nettsida skal alle interesserte få god informasjon om kva aktivitetar vi legg opp til. Samstundes vil vi publisere referat frå tilskipingane våre.

Vandring på KlubbenesetDet første arrangementet som står for tur no, er ei vandring på Klubbeneset søndag 21. september. – Vi vil sjå på den gamle Kleivastova som har fått ein fin plass der. Så skal vi gå ned til sjøbua på Klubbeneset. Ho er den einaste sjøbua i Ulstein som er intakt i dag, avsluttar Hauge.