– Ein eig ikkje skam i livet om ein sit og sel blad på denne måten, på kyrkjetrappa. Dette på ein dag som er den største i livet til ei familie og eit lite barn. Vi vart veldig overraska over å sjå ho.

Det seier Vegard Natvik, som er far til det eine dåpsbarnet. Han fortel om ein person som nekta fullstendig, då han og fleire andre forsøkte å få ho til å flytte på seg.

– Ho lata som at ho ikkje forstod kva eg sa når eg bad ho om å gå vekk. Eg gjorde det både ved å snakke med ho, og ved å tydeleg vise at vi ikkje meinte det var greitt at ho sat der. Forstår du ikkje språket, så forstår du i det minste kroppsspråk, seier Natvik.

- Grov utnytting

Natvik fortel at det var fleire med han som reagerte på oppførselen til kvinna, som selde ei utgåve av bladet «Romfolk».

– Kyrkjedøra skal sjølvsagt vere både høg og brei, men eg meiner dette blir grov utnytting av dei som går til gudsteneste og barnedåp, seier Vegard Natvik, og legg til:

– Dette var ikkje verken rett tid eller stad for å selje blad.

– Veldig upassande

Ein lesar, som ønskjer å vere anonym, fortel at mange i dåpen meinte episoden var direkte ubehageleg.

– Eg har tidlegare sett fleire av desse seljarane utanfor butikkar i Ulsteinvik. Men at ein av dei plutseleg set seg ned på kyrkjetrappa, før og under ein barnedåp, det er etter mi meining veldig upassande, seier lesaren og legg til:

– Eg såg det var ein som prøvde å få ho med inn i kyrkja, men ho hadde ingen intensjon om å flytte på seg.

Skal sjå nærare på saka

Ulstein kyrkjekontor har også fått med seg hendinga, som fann stad søndag ettermiddag.

– Ja, eg fekk vite om det som skjedde i dag tidleg. Vi skal snakke meir om dette under stabsmøtet på kyrkjekontoret komande onsdag. Eg har ikkje fleire kommentarar før den tid. Først må vi finne ut korleis vi skal handtere dette, seier kyrkjeverje Anders Myrene.