Det er klart etter at firmaet har fått inn 1.3 millionar kroner i kapital frå private investorar. I tillegg har det nyetablerte selskapet fått 120.000 kroner i støtte frå Hareid næringsfond og 135.000 frå Innovasjon Norge.

– Responsen har vore heilt overveldande. Totalt har vi fått inn over 1.5 millionar kroner i kapital og offentleg støtte. Heile 77 venner og kjende har gjennom ein emisjon teikna seg for 1.3 millionar kroner i aksjonærlån gjennom såkalla «crowdfunding», seier Øyvind Grimstad Gryt

«Grim & gryt» er Sunnmøres første økobryggeri. Det var i 2012 Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad starta Grim og Gryt Gardsbryggeri, seinare omdøypt til Økobryggeri. I desse dagar er dei i gang med å byggje ølbryggeri på Ytre-Hareid.

– Nøkkelen til prosjektet

«Crowdfunding», eller rett og slett folkefinansiering på godt norsk, betyr at eit stort tal deltakarar går inn og støttar eit prosjekt med ein mindre pengesum kvar. I Grim & Gryt sitt tilfelle er det snakk om 5000 eller 10 000 kroner per snute. Men rundt ein tredel av dei støttande har gått inn med større summar, heilt opp i 100 000 kroner.

– Folkefinansiering er sjølve nøkkelen til prosjektet vårt. Sjølvsagt skal vi drive med profitt og betale utbyte. Men aksjonærane deltek først og fremst grunna sitt ønskje om ei meir økologisk og berekraftig framtid, forklarer Andreas Grimstad.

Smilande legg han til:

– Men sjølvsagt også fordi dei vil ha eit godt sunnmørsk handverksøl, brygga på den reinaste og beste måten.

Utstyr på veg

Takka vere kapitalen og den offentlege støtta har Gryt og Grimstad no bestilt alt utstyret dei treng til produksjonen. Utstyret er no på veg til Hareid, der det skal setjast saman og prøvekøyrast dei neste vekene. Brygginga startar seinare i haust, og håpet er å ha det første heiløkologiske ølet ferdig i god tid før jul og julebordssesongen.

– No kan vi trygt seie at vi er både eitt og to skritt nærare oppstart av produksjonen, no som den største utfordringa er bak oss og finansieringa er sikra. No får vi brette opp armane og setje i gang med det vi skal gjere, nemleg brygge Norges beste heiløkologiske øl, smiler Øyvind Grimstad Gryt.

Les meir om Gryt & Gryt her.