Episodane med utanlandske personar som har site i kyrkjetrappa for å selje blad før gudstenester, og som også  har prøvd å selje blad til folk som kjem ut frå gravferder, har gjort at dei tilsette i Ulstein sokn onsdag heldt stabsmøte om saka.

Ikkje under gravferder

Konklusjonen er at dei ikkje ønskjer at nokon skal tilby salsvarer i samband med gravferder.

- Folk er i ein svært sårbar situasjon når dei skal følgje  sine næraste til grava. Vi kan også vise til ein paragraf i gravferdslova som seier at oppførselen ved gravferder ikkje skal vere støytande, fortel kyrkjeverja Anders Myrene.

Etter det han kjenner til har det ved to gravferder i Ulstein vore tilløp til sal av blad når gravferdsfølgjet kom ut frå kyrkja.

Myrene legg til at dei ikkje kjem til å setje opp vakthald under gravferder, men at både prest og kyrkjetenear kjem til å vere litt meir årvakne om kva som skjer ute på kyrkjebakken.

Kan ikkje nekte tigging

Men når det gjeld sal av blad eller tigging på kyrkjetrappa stiller saka seg annleis.

Staben ved Ulstein kyrkjekontor er klare på at ingen skal visast bort frå  kyrkja sitt område.

Det var Kristian Myklebust som var prest under gudstenesta søndag. Han fortel at då dei vart klar over at ei kvinne selde blad på kyrkjetrappa, var det første dei gjorde å invitere henne inn til gudsteneste. Dette takka ho nei til.

Etter gudstenesta fekk ho tilbod frå kyrkjelyden om å vere med til kyrkjekaffi på Fredheim, og det takka ho ja til.

- Vi kan ikkje late att augene for nauda

- Søndag rykte den store verda litt nærare oss. Her i vårt distrikt er vi hittil  ikkje så vane med slikt på kyrkjetrappa. Men vi kan ikkje lukke augene for nauda rundt oss, kommenterer Kristian Myklebust.

Anders Myrene fortel at mottoet til Ulstein sokn er "Saman på ferda", og at det inneber at ingen skal setjast utanfor.

På eit seinare tidspunkt kjem det til å kome opp ei sak i soknerådet på prinsipielt grunnlag om kva som skal godtakast av sal på kyrkja sitt område. Slike retningsliner finst ikkje i dag.

Men det blir ikkje aktuelt å nekte tigging. Det finst det ingen heimel for.

Les også: Prøvde å selje blad til gravferdsfølgjet