Dei profesjonelle fotografane i Møre og Romsdal fotograflaug har hatt sin årlege laugskonkurranse. Der vart Cecilie Hatløy frå Ulstein nummer to etter Nathan W. Lediard, Surnadal.

Alle bileta hennar vart antatt og premiert med heiderleg omtale.

Cecilie er eigar av Lykkeliten Studio AS på Dimna. Ho har spesialisert seg på nyfødt- og babyfotografering.

I tillegg har ho fleire spennande fotoprosjekt på gang. Nyleg oppfordra ho menneske i nærmiljøet til å utfordre seg sjølv, og bli med som ein av modellane hennar.

- Responsen har vore enorm. Det ser verkeleg lovande ut for dei framtidige prosjekta mine, fortel Cecilie.

To av dei premierte bileta er frå private prosjekt, medan to av bileta er frå vanlege fotograferingar for kundar i studio.

Premiert bilete til Per Eide

Per Eide, etablert fotograf i Ulsteinvik, fekk antatt og premiert biletet "Sildestim vest for Svinøy".

Per Eide driv ein allsidig fotografpraksis. I tillegg til å vere portrett-, mote- og reklamefotograf har han illustrert fleire bøker og er ein kjent naturfotograf med mange utsmykkingsoppdrag. Som entusiastisk dykkar har han tatt fantastiske bilete frå mange spennande farvatn rundt om på kloden. Vinnarbiletet er eitt av dei.

I tillegg fekk Miriam Skeide Brandstad, dotter til Robert og Karen Marie Skeide, prisen for beste barnebilete for fotografiet "I oldemors hender". Dette vart løna med lauget sitt vandrekrus og eit flott diplom. Miriam Skeide Brandstad bur i dag på Averøya.