Tresfjordbrua, som er under bygging frå Skorge til Vikebukt, vil spare bilistane for om lag ein halv times køyring langs Tresfjorden.

Etter planen skulle brua opnast 28. august neste år. No ligg det an til at opninga blir i månadssiftet oktober/november 2015 melder bladet "Våre vegar".

Årsaka til utsetting er meir pælearbeid enn venta opplyser Halgeir Brudeseth i Statens vegvesen til Våre Veger.

Dei to hovudtårna på Tresfjordbrua er under bygging. Det eine tårnet skal bli nærare 80 meter høgt medrekna konstruksjonen under sjøoverflata der djupna er på vel 40 meter. Dette tårnet er fundamentert på hard morenegrunn.

Brudeseth fortel at det er under sjøoverflata det mest utfordrande arbeidet har skjedd.

Kvar med tidsfristen på Vågstrandtunnelen

Vågstrandtunnelen på 3665 meter er ein del av det same prosjektet, og skal etter planen opnast før jul i år.

Brudeseth opplyser at det blir jobba hardt for å halde tidsplanen, og at det enno er litt for tidleg å slå fast om dei klarer det.

Han er svært frustrert over at Telenor ikkje maktar å leggje til rette for mobiltelefonsamband i tunnelen til opninga, trass i varsel om dette i god tid.

Mange ulykker

For folk som bur langs den gamle Tresfjordvegen vil det bli ein stor fordel å sleppe all trafikken i retning Oslo. Det har også vore ein svært ulykkesutsett veg.