Særleg har det voremykje å gjere  i Ålesund. Men også i Sykkylven og Volda har det vore heitt.

For Ytre Søre Sunnmøre sin del er dette meldt inn:

Klokka 0001: Ein bil med to personar i køyrde inn i ein murkant i Fosnavåg. Føraren i 20-åra var rusa.

Klokka 0010: På Hareid var ein ung gut på16 år var så full at politiet valde å køyre han heim til foreldra.

Klokka 0137: I Fosnavåg stoppa politiet ein bil med for mange personar i. Føraren fekk seg eit forlegg.

Rundt 02.30 fatta politiet mistanke til ein bilist i Dragsund. Sjåføren i 20-åra vart kontrollert for promille av politiet, men det viste seg at han ikkje var kjend i området og at det var dette som førte til usikker køyring.

Klokka 0304: Ein rusa mann i tjueåra låg rett ut i Ulsteinvik. Då politiet kom til staden sette mannen seg opp mot dei. Dermed vart han køyrd til den sentrale arresten i Ålesund.