Torsdag ettermiddag var det øving i kyrkja for dei 108 konfirmantane som skal konfirmere seg i Ulstein kyrkje denne helga. Dei skal konfirmere seg i fire puljar. To gudstenester på laurdag, to på sundag.

Det er første gong på seksti år at Ulstein kyrkje legg konfirmasjonen til hausten. Siste sundagen i august hadde dei samtalegudsteneste (spørjesundag) i kyrkja, så no er dei klare til konfirmasjon.

To av dei som skal konfirmere seg i helga er Marte Konstanse Torgersen og Sigve Sævik Ulstein. Marte skal klokka ti på sundag, Sigve klokka tolv. Båe gler seg.

Gler seg på familieselskap

– Kva forventningar har de til konfirmasjonsdagen?

– Eg er spent, svarer Sigve.

– Det blir koseleg å møte familien. Familien min frå Nord-Noreg kjem, fortel Marte.

– Ja, det blir kjekt å samle heile familien, seier Sigve.

Sigve skal ha selskap på Ulstein vgs. Dei blir tretti stykke til middag og femti til kaffi.

– Eg gler meg til alle kakene og maten, smiler han.

Marte skal ha selskap på Ulstein ungdomsskule. Dei blir førti stykke.

Les også: Historisk konfirmasjon

Båe i bunad

Marte har fått seg nordlandsbunad til konfirmasjonen. Ho gler seg til å ta den på. Sigve har leigd seg bunad til den store dagen. Det ser han fram til, det er ikkje så mange gutar som stiller i bunad.

– Er dette ein dag de har sett fram til gjennom oppveksten?

– Ja, me er på veg til å bli vaksne. Så det er ein stor dag, slår Sigve fast.

Reknar seg som kristne

Å konfirmere seg i kyrkja er valfritt. Ein kan velje å la vere å konfirmere seg, ein kan bli Tentro-elev eller konfirmere seg humanistisk. For båe var det sjølvsagt å konfirmere seg i kyrkja. Dei var aldri i tvil. Ungdomane seier at dei er kristne og kjenner seg mest komfortable i kyrkja.

– Er de nervøse for konfirmasjonsdagen?

– Nei, det har me ikkje tenkt på ein gong, svarer dei og ser ut som dei berre gler seg.